
In memoriam Wim Kamp
Onsdag 2. mars døydde brått og uventa organisten og fotografen
Wim Kamp.
Våren 1995 reiste han til Noreg for å gjere ein ny start som organist. Han vart
organist på Marcussen-orgelet i Måløy.
Nokre år seinare leverte me vårt fyrste norske orgel til Totland kyrkje der han
også var organist. Slik vart eg kjent med Wim, ikkje i Nederland men i Noreg.
I lag har me kvart år stemt orgla i kyrkjene ”hans”.
Han var ikkje berre ein dyktig organist, men også ein flink fotograf.
Bileta på heimesida mi er no blitt til små monument, kvar med si eiga historie.
For nøyaktig 10 år sidan reiste eg for fyrste gong til Noreg for å besøke Wim.
Han ville ha eit nytt orgel! Fyrstkomande sommar skal eg stemme desse orgla, men
no utan han. Det vil vera ei uverkeleg oppleving.
Han var særs knytt til orgla hans og improviserte på dei på ei sublim måte.
Diverre er desse klangane blitt stumme etter hans plutselege bortgang.
Måtte Gud gje kraft og styrke til den næraste familie og alle som var glad i han,
og hjelpe dei i sorga etter dette store tapet.
Roodeschool, 3. mars 2005
Sicco Steendam